
Skeisstøa, Nordstølen
Detaljregulering · VA
Me bistod grunneigar med å lage detaljregulering med sikte på ein blanding av einebustader og fleirmannsbustader i tråd med overordna plan. Eigedommen ligg ideelt til med tanke på fortetting av eit allereie velutvikla bustadområde, med nærleik til skule og barnehage. Eit hovudfokus har vore å skapa eit attraktivt leike- og uteopphaldsareal sentralt i planområdet.
Det har vore ein del trafikkulykker i området dei siste åra, og planarbeidet hadde difor eit ekstra fokus på trafikktryggleik for mjuke trafikantar. Detaljreguleringsplanen vart godkjend i kommunestyret den 31.03.2022.