Rådgjevande ingeniørkontor i Bjørnafjorden
Stifta i 1988 i Eikelandsosen — i dag eit fagmiljø på 12 tilsette som arbeider i heile Vestland.
Starta av Harald Bjørndal i 1988, og drive vidare av André Bjørndal i dag.
Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS vart starta av Harald Bjørndal i august 1988 i Eikelandsosen. Harald kom då frå stillinga som teknisk sjef i Fusa kommune. Det var då 2 tilsette.
Fram til i dag har firmaet vakse jamt og trutt i tråd med ei aukande oppdragsmengd, og no pr. 2026 er me 12 tilsette som jobbar med alt innan byggesak, detaljregulering, veg- og VA-prosjektering, takstoppdrag og mykje meir. Oppgåveområdet er spreidd rundt i heile Vestland.
Firmaet vert leia med stødig hand av André Bjørndal, som i si tid kom frå Norconsult med kommunalteknisk planlegging som spesialfelt. Hovudkontoret ligg i Fjord'n Senter i Eikelandsosen, og me har òg avdelingskontor i Os sentrum, Torggata 14.
Tilsette
Vil du jobbe med oss?
Me er alltid på jakt etter dyktige folk. Sjå ledige stillingar eller ta kontakt for ein prat.









