
Riplegården
Byggesak · dispensasjon
Riplegården 55 var eit spennande prosjekt i Bergen kommune, der tiltakshavar ønskte å bygge ein einebustad med takterrasse, garasje og utleigedel. Det som gjorde saka spesiell var at topografien på tomta gjorde det naudsynt med høge skjæringar i bakkant, slik at bustaden nærast framstår som bygd inn i fjellet.
Funksjonen vår var ansvarleg søkjar for heile tiltaket, i samarbeid med Aarvik Eiendomsutvikling AS og nordavind arkitektur. Tomta var regulert i ein eldre reguleringsplan frå 1978, og det var difor naudsynt å søkje dispensasjon frå arealføremålet og for auka utnyttingsgrad. I tillegg bistod me med vurderingar kring overvasshandsaming og uavhengig kontroll av våtrom og lufttettleik.