Heim/Ledig stilling

Ledige stillingar

Arealplanleggjar, byggesakshandsamar, teknisk teiknar og VA-ingeniør.

Me er alltid på jakt etter nye medarbeidarar, så ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat. No har me opningar i følgjande stillingar:

Arealplanleggjar

Me søkjer etter person som har kompetanse og interesser innan fagfeltet.

Arbeidsoppgåver

  • Utarbeiding av reguleringsplanar med tilhøyrande plandokument
  • Utarbeiding av konsekvensutgreiingar

Byggesakshandsamar, teknisk teiknar

Me søkjer etter person som har kompetanse og interesser innan fagfeltet. God skriftleg formuleringsevne er ein føremon. Nyutdanna kan søkje.

Arbeidsoppgåver

  • Vere ansvarleg søkjar og utarbeide byggjesøknader for bygg og anlegg
  • Utarbeide erklæringar og avtaletekstar i samband med byggjesaker
  • Arbeide med frådelingssaker og endring av eigedommar

VA-ingeniør

Me søkjer ein erfaren person med kompetanse innan planlegging og prosjektering, som kan styrkje organisasjonen vår.

Arbeidsoppgåver

  • Vere prosjektleiar for større prosjekt, ofte saman med vegprosjektering
  • Utarbeide tekniske planar, VA-rammeplanar, flaumanalysar og overvassplanar

Felles kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule- / universitetsnivå
  • Kunnskap om plan- og bygningslova og anna regelverk
  • Manglande utdanning kan kompenserast med erfaring