Varsel om oppstart av arbeid med detaljregulering for Sørbøvåg hyttefelt, 30/16 – Hyllestad kommune
Varsel om oppstart av detaljregulering for Sørbøvåg hyttefelt, gbnr. 30/16 i Hyllestad kommune — inntil 10 nye fritidstomter.
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 og § 12-9 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med ein detaljreguleringsplan for tiltakshavar Stein Forde Ekreskar på nemnde eigedom.
Føremålet med planarbeidet er å detaljregulere inntil 10 nye tomter til fritidsbustader med tilhøyrande infrastruktur. Planområdet er på 40,9 daa. Oppstartsmøtet vart halde den 02.12.2024, og oppstartsløyve vart gjeve i same høve. Planframlegget utløyser krav om konsekvensutgreiing for tema strandsone og jordvern, etter rettleiar M-1941.
Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Merknad til planarbeidet skal sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen, eller til post@byggadmin.no innan 07.03.2025. Ved spørsmål kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 957 95 230 eller petter@byggadmin.no.