Varsel om oppstart av arbeid med detaljregulering Skjelevika, Skåte gbnr. 177/29 – Bjørnafjorden kommune
Varsel om oppstart av detaljregulering for Skjelevika, Skåte gbnr. 177/29 i Bjørnafjorden kommune — inntil 10 nye fritidsbustader og 2 naust.
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med detaljreguleringsplan på gbnr. 177/29 for Vidar Vindenes.
Planområdet er om lag 18,8 daa. Bakgrunnen for planarbeidet er at tiltakshavar ønskjer å utvikle eigedommen med nye tomter for fritidsbusetnad — inntil 10 nye fritidsbustader og 2 naust med tilhøyrande infrastruktur og parkering. Tiltaka vil vere ei naturleg utviding av det eksisterande hyttefeltet og i tråd med arealdelen til kommunedelplanen (KDPA) for gamle Fusa kommune.
Planframlegget er ikkje KU-pliktig, men arbeidet utløyser krav til ein risiko- og sårbarheitsanalyse. Aktuelle tema er mellom anna marin leire, 200-årsflaum og tiltak i sjø. Frist for uttale er 23.01.2025. Merknad kan sendast til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen, eller til post@byggadmin.no. Ved spørsmål kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 957 95 230 eller petter@byggadmin.no.