Varsel om oppstart av arbeid med privat detaljreguleringsplan for Sakrisstøa – gbnr. 66/2 og 3 m.fl. – Tysnes kommune
Varsel om oppstart av privat detaljreguleringsplan for Sakrisstøa, gbnr. 66/2 og 3 m.fl. i Tysnes kommune — småbåtanlegg med inntil 60 båtplassar.
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med reguleringsplan for Kristen Vines på nemnde eigedomar.
Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for småbåtanlegg med inntil 60 båtplassar, med tilhøyrande tilkomstveg, parkering og boder. Planønsket er i tråd med kommuneplanen, som har sett av området til småbåthamn og regulert samferdsel. Planområdet er om lag 38,2 daa, og oppstartsmøtet med kommunen vart halde den 20.05.2025. Reguleringsplanen utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing.
Merknad til planarbeidet skal sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen, eller til post@byggadmin.no. Ved spørsmål kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 957 95 230 eller petter@byggadmin.no.