14. november 2024

Varsel om oppstart av arbeid med detaljregulering for Rosendal Turisthotell, 82/123 m.fl. – Kvinnherad kommune

Varsel om oppstart av detaljregulering for Rosendal Turisthotell, gbnr. 82/123 m.fl. i Kvinnherad kommune — utviding med inntil 14 nye leilegheiter.

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 og § 12-9 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med reguleringsplan for Rosendal Turisthotell.

Planområdet er om lag 6,1 daa og omfattar eksisterande og nye tiltak. Føremålet med planarbeidet er å opne for ei utviding av Rosendal Turisthotell med inntil 14 nye leilegheiter tilknytt hotellet. Endeleg utforming, høgde og storleik vert avgjort i det vidare planarbeidet. Oppstartsmøte vart halde den 16.10.2024, og oppstartsløyve vart gjeve gjennom politisk handsaming i kommunestyret den 19.09.2024.

Etter dialog med Kvinnherad kommune er ein komen fram til at planframlegget utløyser krav om konsekvensutgreiing for landskap og kulturmiljø, etter rettleiar M-1941. Det skal òg utarbeidast ein risiko- og sårbarheitsanalyse, der støy og trafikktryggleik er dei mest aktuelle temaa.

Merknad til planarbeidet skal sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen, eller til post@byggadmin.no innan 19.12.2024. Det vert halde eit informasjonsmøte på turisthotellet onsdag 04.12 kl. 16.00. Ved spørsmål eller påmelding kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 957 95 230 eller petter@byggadmin.no.