4. april 2025

Varsel om oppstart av arbeid med privat detaljregulering for Heggland 2, del av 73/4

Varsel om oppstart av privat detaljregulering for Heggland 2, del av gbnr. 73/4 — fortetting med inntil 31 nye bueiningar.

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med reguleringsplan for tiltakshavarane Inger Ragnhildstveit og Oddbjørn Lunde på nemnde eigedom.

Planområdet er om lag 57 daa og omfattar ønskt utvidingsareal til bustadfelt, ein del eksisterande bustad og noko vegareal. Føremålet med reguleringa er å fortette eit eksisterande bustadområde med inntil 31 nye bueiningar i tråd med arealføremål i Kommuneplan for Bjørnafjorden Vest (KDPA). Oppstartsmøte vart halde den 06.01.2025, og oppstartsløyve vart gjeve i same møte.

Merknad til planarbeidet skal sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen, eller til post@byggadmin.no innan 16.05.2025. Ved spørsmål kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 56 58 11 30 eller petter@byggadmin.no.