25. september 2024

Varsel om oppstart av arbeid med detaljregulering for Haganeset panorama – Bjørnafjorden kommune

Varsel om oppstart av detaljregulering for Haganeset panorama i Bjørnafjorden kommune — inntil 12 nye fritidsbustader.

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med reguleringsplan for Tone Østervold Marcelius og Stig Osebakken.

Planområdet er på 14 daa og omfattar område ønskt til fritidsbustader, med areal til tilkomst og parkering på kvar enkelt eigedom. Føremålet med planarbeidet er å detaljregulere eksisterande og nye tiltak — etablering av inntil 12 fritidsbustader med tilhøyrande infrastruktur. Oppstartsmøtet vart halde den 11.04.2024, og oppstartsløyve vart gjeve i same høve. Området er avsett til fritidsbustad i arealdelen til kommunedelplanen (KDPA) for gamle Fusa kommune.

Planframlegget er ikkje KU-pliktig, men arbeidet utløyser krav til ein risiko- og sårbarheitsanalyse. Aktuelle tema er mellom anna skredfare, kvikkleire, havnivåstigning, stormflo og overvatn. Frist for uttale er 05.11.2024. Merknad kan sendast til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen, eller til post@byggadmin.no. Ved spørsmål kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 957 95 230 eller petter@byggadmin.no.